Til heimeside

Folkestad Kraftverk av 2006 er ikkje det fyrste kraftverket i Storelva.  I 1913 vart det fyrste kraftverket sett i drift.  6 grunneigarar på Folkestad hadde då bygd eit kraftverk som ytte 36kw likestraum.  Fallhøgda var 33 meter og turbinen  ein Frances turbin.  Då dette kraftverket hadde vassinntaket langt heime i bygda med mykje lauvskog langs elva, var lauv og rusk ei stor plage.  Likevel var det mange husstandar i bygda som fekk straum frå kraftverket.  Kraftverket sytte og for straum til kverna som mol korn til folk.  Det kom folk heilt ifrå øyane for å få malt kornet sitt.  Utover på 50. talet hadde mange fått straum ifrå det offentlige nettet.  Folkestad Kraftverk hadde etterkvart gått "ut på dato".  Umoderne teknologi hadde gjort verket vanskelig å drifte og rundt 1959 vart verket sett ut av drift.

Storelva fekk renne fritt i mange år utan at nokon nytta alle kilowatta som rann til havs.  Nye teknologiar og fokus på nye energikilder gjorde at Storelva endå ein gong vart aktuell som kraftkilde.  Den gamle "kraftverksgloa" som hadde lege å ulma blussa snart opp igjen.

Det nye Folkestad Kraftverk tok etter kvart form i tankar og på papir.  Det vart klart at den gamle løysinga med Frances turbin var uaktuell.  Stasjonen skulle stå ved murane til den gamle stasjonen, men inntaket skulle flyttast frå kote 57 til kote 240.  Dette resulterte i ei rørgate på 1600 meter med eit netto fall på 208 meter.  Ein Pelton turbin vart då  det rette til å drive generatoren .  Produksjonskapasiteten vart dermed på 1850 kw. mot det gamle verket sine 36 kw.

Det  nye kraftverket kom til å femne om alle grunneigarane på Indre og Ytre Folkestad.  Driftsmodellen vart eit aksjeselskap der grunneigarane fekk fyrsteretten til aksjeteikning.  Nesten alle grunneigarane vart med i det nye aksjeselskapet og naudsynt aksjekapital vart reist.  På stiftingsmøtet 28. februar 2005 vart eit styre valt .  Svært mykje førebuande arbeid hadde då alt vorte gjort av eit interimstyre og alt 17. desember 2004 hadde konsesjon vorte gjeven.

Anleggsarbeidet tok til 20. mai 2005 og gjekk fram til oppstart 14. mars 2006.  Klargjering og oppstart gjekk smertefritt og Folkestad Kraftverk var atter på "nettet".  Ein verdig opningsfest vart halden 27. mai 2006 i strålande vær.  Ei flott ramme rundt eit prosjekt som hadde vorte administrert og tilrettelagt på den aller beste måten takka være ei dyktig leiing og entusiastiske fallrettshavarar.